Frosken og vennene hans

0
Ingen stemmer til nå
99,-
Klikk på formatet du ønsker å kjøpe
Product: 
Innleser: Inger Lindheim Gundersen
Alder: Fra 4 år
Kategori: Romaner og fortellinger
Sjanger: Barn
Produsert av:NRK
Målform:Nynorsk
Spilletid:1:18:46
Først utgitt:19.03.2008
ISBN CD:9788242122841

Sju historier om frosken og vennene hans- anda, haren, grisen og rotta.

Kan ein grønn frosk vere forelska i ei kvit and? Og korleis kjennast det eigentleg når ein er forelska? Kan ein stole på rotter? Dei er jo både skitne og fæle, alle saman! Eller kanskje ein skal prøve å bli kjent med ei før ein er sikker? Korleis samlar ein mot? Og tør du å gjere noko skummelt, viss du kan redde vennene dine?

Forfattar Max Velthuijs lagar vennlege, humoristiske bøker om viktige tema: Vennskap, kjærleik, redsle for det framande og glede. Historiene er enkle i forma, men dei har eit djupt og vakkert bodskap. På lydboka om Frosken og vennene hans har vi prøvd å la musikken få gli inn og ut av historia. Alle dyra har kvart sitt vesle tema og blir også ei musikalsk brikke i historia. Kvar historie inneheld tre songar, og det er dyktige Inger Gundersen som les og syng. Lydboka er produsert av NRK, og har blitt sendt på radioen i Barnetimen for dei minste.

Lydboka "Frosken og vennene hans" er basert på sju av Max Veltjuijs' populære Frosken-bøker:
- Frosken om vinteren
- Frosken finn ein venn
- Frosken og den framande
- Frosken og den spesielle dagen
- Frosken er redd
- Frosken er ein helt
- Den forelska frosken