Carl Frode Tiller

– Eg har alltid vore oppteken av ting som har med identitetsproblematikk å gjere, altså om kven vi er og kvifor vi blir som vi blir. Det var vel eit slags behov for å finne mier ut av sånne prosessar.

Det sa forfattar Carl Frode Tiller til NRK då han vart tildelt P2-lytternes romanpris 2010 for romanen "Innsirkling 2", den andre boka i "Innsirkling"-trilogien.

Prisløna

Det er ikkje første gong Carl Frode Tiller vert tildelt P2-lytternes romanpris. Han mottok den same prisen for romanen "Skråninga", som han debuterte med i 2001. For den fekk han også Tarjei Vesaas' debutantpris, og romanen blei nominert til Brageprisen. For den første "Innsirkling"-romanen mottok Tiller Brageprisen 2007 og Kritikerprisen for beste voksenbok 2007. Både første og andre Innsirklingboka var dessutan innstilt til Nordisk Råds Litteraturpris.

Lydbøker med Carl Frode Tiller