Are Kalvø:

Ny grunnlov

Sjanger:
Humor og satire

Innleser(e):
Are Kalvø

Hør et utdrag fra lydboka:

Vennligst innstaller Flash om du ønsker å høre på lydkuttene.

Velg format

Klikk på formatet du ønsker å kjøpe
LYDFIL
Pris: 149,-
Kjøp

Den norske grunnlova blei laga for nesten to hundre år sidan av ein gjeng ureinslige menn på seminar på Eidsvoll. Are Kalvø meinte han måtte kunne gjere ein betre jobb, og reiste ut i landet for å lage ei ny grunnlov, som bygger på det folk i dag meiner.

Resultatet blei ei ny og sjølvsagt mykje betre grunnlov, men òg ein tv-serie som dokumenterer arbeidet, som blir vist på NRK i år med titelen Riksforsamlinga. Boka inneheld den nye grunnlova, historia om korleis grunnlova blei til, men òg mange ulike slags forsøk - nokre av dei direkte tøvete - på å finne ut kva folk i dag eigentlig meiner om til dømes likskap, demokrati, monarki, religion og ytringsfridom.

"Kalvø er seg sjølv lik i denne boka, muntert alvorleg, poengtert og kåserande, og teksten /.../ høver betre som lydbok enn som skrift, men berre dersom det er, som dei sa i radioen før i tida, forfattaren sjølv som les. For det er med den alvorlege, monotone røysta at orda får ein naudsynt kontekst av opplevd seriøsitet."
Odd W. Surén, Dag og Tid