Logg inn på lydbokforlaget.no

Eller logg inn med Facebook

Ny kunde?

Ikke handlet her før? Opprett en profil her.

Hallgrim Berg

Lydbøker med Hallgrim Berg

Når lauvet sprett
Hallgrim Berg
Lest av Hallgrim Berg
Velkomen til forteljarfest med snert og smell! Til glede i heimen, på hytta, i bilen!Den første samlinga frå politikaren og kulturisten Hallgrim Berg, Når sevja stig. Saftige soger (2003) vart ein braksuksess og kom i fleire opplag.På denne CD-en, spelt inn i lystig lag, serverer Berg og hans vener - bl.a. Arne Moslåtten frå Hellbillies - historier med stor spennvidde, frå folkelege ”buskisar” til dei meir sofistikerte. Her er også sprelske sannsoger, der ein ellevill situasjonskomikk er gjennomført frå start til mål.Forfattaren lettar på sløret frå ufrivillige situasjonar som han og kollegaer frå politikken og samfunnslivet elles har hamna i.
Når sevja stig
Hallgrim Berg
Lest av Hallgrim Berg
Folkeleg humor - med snert og smell!Med denne CD-en får du eit innblikk i levande norsk forteljartradisjon, slik soger og skrøner utfaldar seg blant folk flest. Det å kunne varte opp med ei god historie er alltid populært. Det kan vera utbroderte soger og skrøner eller korte risper og replikkar - humor gjer livet lettare og lysare for alle.God humor må vera menneskeleg og truverdig. Livet i alle sine fasar og fasettar er tema for skapande humor. Som Paulus sa: "Ikkje noko menneskeleg er meg framandt."Tabu-ord er stundom ein slåande del av ei soge. "Stygge" ord skal ikkje overdrivast, men er ofte nødvendige for å få fram snerten i framstillinga. I sogene og skrønene her er det eigentleg lite "råprat", og ganske ofte må ein dessutan seia som engelskmannen: "It's all in your mind!" Innhaldet er delt tre bolkar, bundne saman med mine eigne musikalske overgangar: - Besøk hos småbrukaren, hestekaren og ordkunstnaren Arne Horge i Rukkedalen i 2003.- Ein forteljarfest blant folkevald