Frode Grytten:

Popsongar

Sjanger:
Noveller

Innleser(e):
Liv Bernhoft Osa, Anderz Eide

Hør et utdrag fra lydboka:

Vennligst innstaller Flash om du ønsker å høre på lydkuttene.

Velg format

Klikk på formatet du ønsker å kjøpe
LYDFIL
Pris: 129,-
Kjøp

Frode Gryttens kvite album – ein norsk popnovelle-klassikar.

Tekstane i «Popsongar» tek oss med på ei fascinerande reise. På overflata er vi i løpet av 24 timar på 24 stader, og dei 24 historiene som blir fortalde, heng på eit finurleg vis saman med 24 songar.

Artistar som David Sylvan, Prefab Sprout, Bruce Springsteen, Pet Shop Boys, Bob Dylan og Roxy Music er knytt saman til kvar sine noveller. Men det musikalske bakteppet er på ingen måte eit vilkår for å leve seg inn i dei oftast triste, somtid tragikomiske, men alltid djupt menneskelege lagnadene i boka.

Felles for novellene er einsemd, mangel på ein plass å høyre til og identitetskriser. Frode Grytten har lagt handlinga i novellene til sterile, tomme og upersonlege stadar som hotellrom, flyplassar, barar og tog. Stadar der ein er, men likevel ikkje er. Stadar der mange menneske har vore før deg, men som likevel kjennast kalde og upersonlege.

«Frode Grytten har med denne utgivelsen også gjort et kvantesprang for å skildre eventyret, dybden og sannheten som finnes i den beste popmusikk. Det vil overraske meg mye om noen er i stand til å levere en bok som dufter bedre enn denne i år. Og vit dette: Den vil lukte enda bedre, der den står i landets biblioteker, gjennomlest og fillete, om femti år.»
Ørjan G. Johnsen, Puls.no

«Frode Grytten skiver lekende lett, de korte tekstene har i blant en hitlåts suggesjon og rytme i seg. Små replikker, fraser og setninger er hentet fra sanger, dikt og prosa, og blir en ekstra bonus - her er godbiter nok for assosiasjonslystne lesere.»
Anne Cathrine Straume, NRK