Are Kalvø:

Syden

Sjanger:
Humor og satire

Innleser(e):
Are Kalvø

Hør et utdrag fra lydboka:

Vennligst innstaller Flash om du ønsker å høre på lydkuttene.

Velg format

Klikk på formatet du ønsker å kjøpe
LYDFIL
Pris: 129,-
Kjøp

"Min første Sydentur gjekk til ei spansk ferieøy med foreldra mine. Dette var ikkje ein av dei Syden-plassane der du berre finn fulle sexgalne skandinaviske tenåringar. Dette var ein av de Syden-plassane der du berre finn fulle middelaldrande tyskarar. Kvar kveld underheldt gjestane kverandre på hotellet. Under ei gigantisk discokule spratt litt for tjukke og absurd brune tyske menn med skjørt og parykk omkring og framførte sketsjar med overdriven bruk av bananar som rekvisittar."Dette første møtet med verda utanfor Norden kunne lett gitt den unge Are Kalvø eit dårlig forhold til Syden. Likevel har Kalvø fleire gonger reist tilbake til Syden, denne merkelige solrike plassen som finst uavhengig av alt anna.No har han reist til Syden for å skrive bok. Med kofferten full av reisekatalogar frå charter-turismens barndom. Fast bestemt på å finne restane av den store Syden-draumen.