Tarjei Vesaas:

Is-slottet

Sjanger:
Romaner

Innleser(e):
Liv Bernhoft Osa

Hør et utdrag fra lydboka:

Vennligst innstaller Flash om du ønsker å høre på lydkuttene.

Velg format

Klikk på formatet du ønsker å kjøpe
LYDFIL
Pris: 129,-
Kjøp

For Is-slottet fekk Tarjei Vesaas, som første norske forfattar, Nordisk Råds Litteraturpris i 1963. Boka er seinare filmatisert og omsett til ei rekkje språk. Lydboka blir formidla av telemarkingen Liv Bernhoft-Osa. Ho har eit nært forhold til historia og til språket - noko som gjer dette til ei gripande lytteoppleving.

Is-slottet (1963) er ein roman som representerer Vesaas på høgda av si skapande kraft. Boka fortel om venskapen mellom to jenter i gryande pubertetsalder, Siss og Unn. Unn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn. Jentene opplever først at der blir knytte band mellom dei på eit vis dei ikkje kan forklare. Dei er to av ei og ei i to. Dette er ein roman om vaknande kjensler, om å vere åleine og framand i verda, om å vere barn og stå på terskelen til eit vakse medvit, og om det mørke grenselandet i sinnet der mange slags krefter, draumar og drifter strir om makta.