Janosch:

Med tigeren og bjørnen til Panama

Sjanger:
Romaner og fortellinger

Innleser(e):
Hildegun Riise

Hør et utdrag fra lydboka:

Vennligst innstaller Flash om du ønsker å høre på lydkuttene.

Velg format

Klikk på formatet du ønsker å kjøpe
LYDFIL
Pris: 99,-
Kjøp

Den vesle bjørnen og den vesle tigeren er ikkje redde for noko, for saman er dei sterke. Her får du seks forteljingar om dei to gode vennene samla i ei lydbok.

«Til Panama, til Panama!»
I denne forteljinga får du høyre om korleis det går når den vesle tigeren og den vesle bjørnen legg ut på ei reise til Panama.

«Kom, la oss finne ein skatt»
Den vesle bjørnen og den vesle tigeren leitar etter den største lykken på jord.

«Tigerpost»
Den vesle bjørnen og den vesle tigeren finn opp brevposten, luftposten og telefonen.

«Eg skal gjere deg frisk, sa bjørnen»
Dette er ei forteljing om då den vesle tigeren var sjuk.

«God dag, vesle gris»
Handlar om da den vesle tigeren ikkje kom heim att meir.

«Tigeren har fødselsdag»
Om den gongen den vesle tigeren hadde fødselsdagsselskap.

Historiane om den vesle bjørnen og den vesle tigeren er kjende frå teiknefilmene på NRK barne-tv. Hildegun Riises stemme frå TV har blitt kjennemerket til desse sjarmerande historiene for barn heilt ned til 2 år, og Hildegunn Riise fortel at «Med tigeren og bjørnen til Panama» er hennar eiga favorittbok frå barndommen.

«Hører du? Hildegun Riise leser mykt som ei vestlandslefse, og alle hjerter gleder seg over at Lydbokforlaget har fått lest inn Janosch sine fortellinger om de to bløte kameratene.»
Magasinet Mamma