Logg inn på lydbokforlaget.no

Eller logg inn med Facebook

Ny kunde?

Ikke handlet her før? Opprett en profil her.

Edvard Hoem

Edvard Hoem (f. 1949) er ein prisbeløna roman- og biografiforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar.  Fire gonger har Hoem vore innstilt til Nordisk Råds litteraturpris, for romanane «Kjærleikens ferjereiser», «Prøvetid», «Ave Eva» og «Mors og fars historie». Bøkene til Hoem er omsette til ni språk.

Foto: Linda Engelberth

Lydbøker med Edvard Hoem

Land ingen har sett
Edvard Hoem
Lest av Edvard Hoem
«Land ingen har sett» er den tredje boka i serien av Edvard Hoems store familiekrønike. Romanen følgjer to brør gjennom deira beste manndomsår, Anton Edvard i Romsdal i Noreg og Eilert i Donalda på Alberta-prærien.
Bror din på prærien
Edvard Hoem
Lest av Edvard Hoem
«Bror din på prærien» er ein slektsroman og westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som den lovpriste «Slåttekar i himmelen».
Slåttekar i himmelen
Edvard Hoem
Lest av Edvard Hoem
«Slåttekar i himmelen» er ein inspirert roman frå forfattaren av «Mors og fars historie». Det er ei forteljing om det nye og det gamle landet, om arbeid, byrgskap og kjærleik, om å vere villig til å satse og om å gjere store offer. Nominert til P2-lytternes romanpris 2014!
Bibelhistorier frå Det nye testamente
Edvard Hoem
Lest av Edvard Hoem
I denne lydboka gjengir Edvard Hoem alle forteljingane i Det nye testamentet. Han legg ingen ting til og kommenterer ikkje, men har redigert og lagt til rette teksten, for at forteljinga skal tala direkte til oss. Han bruker Bibelens tradisjonelle språk, men legg spesielt vekt på den poetiske kraft og bilderikdom som pregar evangeliet og dei andre skriftene som fortel om Jesus frå Nasaret. Når Edvard Hoem les desse forteljingane, kjem Meisteren, og dei som fylgde han for to tusen år sidan, tett innpå oss.
Faderen. Peder Bjørnson forsvarer seg: eit mannsportrett
Edvard Hoem
Lest av Edvard Hoem
Forfattaren følgjer Peder Bjørnson på hans livsreise, og bildet av eit gløymt stykke Noregshistorie stig fram: Det fattige utkantlandet som kjempar for å bli ein del av det moderne Europa.
Jordmor på jorda: eit kvinneliv i det 19 århundret
Edvard Hoem
Lest av Edvard Hoem
Dette er første bindet i Edvard Hoems familiekrønike, som vi kjenner frå «Mors og fars historie» og «Heimlandet. Barndom». Den er samstundes skrive i anledning 100-årsjubileet til Jordmorforeninga.
Kjærleikens ferjereiser
Edvard Hoem
Lest av Edvard Hoem
Edvard Hoems gjennombrotsroman.
Lest av Edvard Hoem
Pris fra: 149,-
Prøvetid
Edvard Hoem
Lest av Edvard Hoem
Edvard Hoem vart innstilt til Nordisk Råds Litteraturpris i 1984 for denne boka.
Sommarvind: morgon, dag, kveld, natt:historier og
Edvard Hoem
Lest av Edvard Hoem
«Sommarvind» viser kor allsidige dei to kunstnarane er – forfattaren les noveller og historier, salmar, kjærleikssongar, journalistiske innfall og ein skåltale for diktekunsten. Komponisten leverer salmemelodiar og romansar, improvisasjonar og klassiske balladar, nattsongar og stemningar. Over alle fire CDane i lydboka spenner den lange novella Remis hage, som her blir publisert for første gong. Saksofon: John Pål InderbergTrekkspel og piano: Henning Sommero