Edvard Hoem:

Kjærleikens ferjereiser

Sjanger:
Romaner

Innleser(e):
Edvard Hoem

Velg format

Klikk på formatet du ønsker å kjøpe
LYDFIL
Pris: 149,-
Kjøp

Edvard Hoems gjennombrotsroman.

På Ramvik følgjer vi nokre menneske som på kvar sin måte opplever samanhengen mellom individ og samfunn og korleis systemet set grensene i eit firkanta byråkrati. Boka fortel om menneskelege problem i eit distrikts-Noreg som har gått gjennom store omveltningar.

"Kjærleikens ferjereiser" handlar om vanlege menneskes liv, utfordringar og kjærleik. Den omtanken folk har for kvarandre, blir synleg når livet set dei på prøve. Ferjereisene fører folk saman: Dei unge serveringsdamene på rutebilkafeen, den gamle postopnaren, den opprørske ungguten og den fortvilte lærerinna møtest i ei intens handling som strekker seg over tre korte dagar.

Med "Kjærleikens ferjereiser" vart forfattaren Edvard Hoem kjend for eit stort publikum. Romanen kom ut første gong i 1974 og vart innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. Den er å rekne som ein klassikar i norsk litteratur.

"En moden og dyktig roman som bør skaffe Hoem innpass hos det store publikum."
Harald Bache-Wiig, Dagbladet