Lars Ove Seljestad:

Fjorden

Sjanger:
Romaner

Innleser(e):
Lars Ove Seljestad

Hør et utdrag fra lydboka:

Vennligst innstaller Flash om du ønsker å høre på lydkuttene.

Velg format

Klikk på formatet du ønsker å kjøpe
LYDFIL
Pris: 149,-
Kjøp

Poetisk og brutalt om dei store spørsmåla

"Fjorden" er ein roman om liv, om død, om det alt for korte livet, om alle tings forgjengelegdom. Den handlar om eit forsøk på å forma eit liv i skyggen av ein far - den levande faren, så vel som den døde. Det er også ein roman om å vere ein far. Korleis du prøver å vere ein betre far for dine eigne born, enn faren din var.

Like mye er dette ein roman om dei små fortellingane. Om ein far og ein son, om livet i ein arbeidarfamilie, om mora som reiste sin veg. Mest av alt er det ein roman om ei reise som far og den åtte år gamle sonen gjer for å hente ein båt, som dei skal køyre tilbake til Odda ein gråvåt bølgjesterk sommardag. Ein båttur som blir som eit bilete på livet sjølv og er ei intenst sansa skildring av naturkrefter og vaksenverda slik eit barn ser det.

Lars Ove Seljestad er frå Odda i Hardanger. Han debuterte med romanen "Blind" i 2005, og har seinare gitt ut yttarlegare to bøker før "Fjorden".

"Med 'Fjorden' sikrar Lars Ove Seljestad plassen sin på lista over landets dyktigaste, mest originale og stilsikre forfattarar. Han gjer ei gammal historie ny og har dikta fram ein eg-forteljar lesaren seint gløymer."
Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

"Språk er et instrument som må stemmes på nytt og på nytt. Jo sartere strenger, desto oftere må det stemmes. Seljestad stemmer åpenlyst mellom hvert kapittel."
Olav Egil Aune, Vårt Land