Hør et utdrag fra lydboka:

Halldis Moren Vesaas les eigne dikt

0
Ingen stemmer til nå
149,-
Klikk på formatet du ønsker å kjøpe
Product: 
Innleser: Halldis Moren Vesaas
Kategori: Lyrikk
Sjanger: Skjønnlitteratur
Produsert av:NRK
Målform:Nynorsk
Spilletid:0:59:23
Først utgitt:29.10.2007
ISBN Lydfil:9788242137609

Folkekjære dikt frå Halldis Moren Vesaas.

Halldis Moren Vesaas (1907-1995) er ein av våre mest folkekjære lyrikarar. Ho debuterte 22 år gammal med diktsamlinga "Harpe og dolk". Frå debuten og fram til 1955 gav ho ut sju diktsamlingar. Den åttande samlinga, "Livshus", kom like etter at ho var død. Halldis Moren Vesaas har også skrive barnebøker og essay, og to minnebøker om samlivet med Tarjei Vesaas. Halldis Moren Vesaas er ein av pionerane for den nye kvinnelyrikken i 1930-åra. Ho formidlar felles kvinnelege erfaringar, frå ungjente, ektemake og mor. Dikta hennar har eit tradisjonelt formspråk, og ho vekslar mellom bundne og frie vers.

For gjendiktinga av Shakespeare, Moliére og andre klassiske dramatikarars verk har Halldis Moren Vesaas motteke fleire prisar, og ho har fått Norsk kulturråds ærespris for aktiv innsats i norsk kulturliv både lokalt og nasjonalt. Lydboka inneheld 40 dikt frå arkivet i NRK og er eit utval frå seks av diktsamlingane hennar. Dei første dikta las Halldis Moren Vesaas i 1957, dei siste i 1990.