Hør et utdrag fra lydboka:

Saganatt

5
Din vurdering: Ingen Gjennomsnitt: 5 (1 stemme)
149,-
Klikk på formatet du ønsker å kjøpe
Product: 
Innleser: Anderz Eide
Kategori: Romaner
Sjanger: Skjønnlitteratur
Produsert av:LBF
Målform:Nynorsk
Spilletid:14:24:00
Først utgitt:29.09.2011
ISBN Lydfil:9788242143341

Lundetrilogien er tre romanar i eitt, tre forteljingar frå tre desperate og fordrøymde tiår i nyare norsk historie. Det handlar om korleis vi kom hit, eller korleis vi kom ut av det igjen, eller kva som er igjen av draumen om det livet vi skulle dele.

Ein gong tidlig på 1980-talet flyttar Arvid Lunde til Odda. Der blir han lærar på gymnaset. Han ser ut som om han ønsker å bli slukt av staden, som om han vil gå i eitt med røyken, regnet og skodda. Men han seier: Om du vil forstå Norge, må du forstå Odda. Ein dag tar tidsånda plass i den tynne kroppen hans, og det blir det kjent at Arvid Lunde har blitt millionær på aksjehandel.

Ein møbelhandlar frå Åsane set seg i bilen og kjører til Sverige mens Norge arrangerer OL på Lillehammer. Han vil gjøre ein siste desperat handling. Ein gong var han ein som kjente folks drømmar, ein som reiste rundt og leverte lykke på dørene. Men no er butikken lagd ned og ho han var gift med hugsar ikkje lenger kva han heiter.

Dei er ulevande og ingen kan sjå dei. Dei kjører grå tenestebilar av merke Toyota Corolla, og dei ferdast gjennom gatene i eit utlevd Oslo. Jobben deira er å korrigere feil som har skjedd over alt der sosialdemokratar er innblanda. Dei har namn som Gerhardsen, Bratteli, Nygaardsvold. Dei gjør den jobben som må gjørast i skuggen av sosialdemokratiets lys, ei fjern og døande stjerne.

"Karaktertegningen er skarp, observasjonene presise, handlingen stundom nær det absurde, humoren freidig og skrivegleden åpenbar. "Saganatt. Lundetrilogien" har blitt en både morsom og underholdende, men fremfor alt tankevekkende krønike om vårt lille land."
Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad

Terningkast 5: "Gjør klar til lesefest: Frode Gryttens tre romaner om det norske sosialdemokratiets mistrøstige historie gjennom de siste tre tiår er stor underholdning."
Arne Hugo Stølan, VG

"Ein presis og uhyre morosam harselas med sosialdemokratiet"
Vidar Kvalshaug, Aftenposten

"Frode Gryttens nye roman, «Saganatt», er et oppkomme av gode historier"
Kjell Olaf Jensen, Dagsavisen

Kommentarer

Denne karakteren ble sendt inn via Lydbok appen!
5